William Shakespeare once wrote:
“Love all, trust a few. Do wrong to none.”
William Shakespeare once wrote:
“Love all, trust a few. Do wrong to none.”
Posta på Dagens godord
Eg kom over dette fantastiske diktet her ein dag. Det er skrive av ein amerikansk soldat, og er i to deler. Første delen handlar om ein soldat som står ved Himmelporten og ventar på domen: får han koma inn i Himmelen, eller går han til Helvete. Forfattaren til diktet var lenge ukjend, men det spreidde seg som ild i tørt gras, og del to vart laga av forfattar Sgt. Joshua Helterbran som forklaring på kvifor han skreiv diktet i utgangspunktet. Eg synes dette er eit nydeleg dikt, og det seier mykje om den smerten og grusomheita soldatar ofte må gjennom, noko som eg, som ikkje har tenestegjort, aldri fullt ut kan forstå. Og eg er utruleg takksam ovanfor dei som ofrar så mykje for at me skal vera trygge.
The Final Inspection er dedikert til alle som tenestegjer i militæret, og er ein hyllest til jobben dei utfører.
The Final Inspection
- by Sgt. Joshua HelterbranPart I
The soldier stood and faced God,
Which must always come to pass,
He hoped his shoes were shining,
Just as brightly as his brass.“Step forward now, you soldier,
How shall I deal with you?
Have you always turned the other cheek?
To My Church have you been true?”The soldier squared his shoulders and
said, “No, Lord, I guess I ain’t,
Because those of us who carry guns,
Can’t always be a saint.I’ve had to work most Sundays,
And at times my talk was tough,
And sometimes I’ve been violent,
Because the world is awfully rough.But, I never took a penny
That wasn’t mine to keep…
Though I worked a lot of overtime
When the bills got just too steep,And I never passed a cry for help,
Though at times I shook with fear,
And sometimes, God forgive me,
I’ve wept unmanly tears.I know I don’t deserve a place
Among the people here,
They never wanted me around,
Except to calm their fears.If you’ve a place for me here, Lord,
It needn’t be so grand,
I never expected or had too much,
But if you don’t, I’ll understand.”There was a silence all around the throne,
Where the saints had often trod,
As the soldier waited quietly,
For the judgment of his God.“Step forward now, you soldier,
You’ve borne your burdens well,
Walk peacefully on Heaven’s streets,
You’ve done your time in Hell.”To all that serve.
Part II
I’m very saddened by America today,
when they take credit for what others say.I wrote a poem because of problems in my past,
how was I to know that it was going to last.It has been read by all and loved the same,
but indeed at the end there is no name.The name is simple for those who know,
it’s not Kilmer, Longfellow, Service, or Poe.It’s a soldier who has fought for his country so true,
He’s proud of the ole Red, White and Blue.You now know the poem the one and the same,
The Final Inspection is the name.I wrote it because of the trials so true,
and of my buddies who died for country and you.So take this poem, take it as you trod,
because in Heaven I’ll see my God.He will look at me and say don’t be sad,
others read your poem and you made them glad.Now step forward my son and look your best,
and come inside with all the rest.
Posta på Dikt&songar, Tenketank
Pytagoras lov: 24 ord
Fadervår: 65 ord
Dei 10 bod: 179 ord
Den amerikanske uavhengigheitserklæringa: 1300 ord…
…og
Lanbruksdepartetmentets regulering av sal av kål: 29 911 ord
Er det berre meg, eller brukar me til tider alt for mange ord for å seia noko enkelt?
Posta på Allslags løye, Tenketank
Eg elska kjolar. Og eg overdriv ikkje. Pappa meiner eg er gal, og at eg eig alt for mange. Vel, i kveld har eg gått til innkjøp av endå ein, ein fin grå ein i ull med søtt mønster. Den var alt for søt til at eg ikkje kunne kjøpa den. Og det var 20 prosent avslag. Og sa eg at den er i ull? Slik at den held meg varm og god til vinteren. Så eg fortente den, ikkje sant? Uansett, her kjem eit bilete. Og forresten, den er kjøpt på Gina Tricot.

Posta på Lykke
Vel, slik har eg det i kveld. Og det smaka nydeleg!

Posta på Kvardag, Lykke, Studentliv
I natt hadde eg ein merkeleg draum. Vel, eg har hatt merkelege draumar tidlegare òg, men denne syntes eg var verd å dela.
Eg sit i ein garderobe saman med fotballspelarar. Eg veit at eg har vore gjennom ein prøverunde for å verta med som spelar på laget, men veit og at eg ikkje har klart å kvalifisera meg. Men då trenaren for Viking (ja, eg prøvespelte for Viking. Og nei, eg anar ikkje korleis trenaren der ser ut) kjem inn i garderoben for å gratulera dei som er godkjende som spelarar, e eg ein av dei. Som einaste hokjønn. Korleis det har gått til, anar eg ikkje, og eg vert mållaus. Ikkje lenge etterpå fortel eg dette til pappa, og eg seier at eg trur eg no spelar for Viking. Han forsikrar meg, med eit stort glis, at det er korrekt.
Så vakna eg, og draumen sat som spikra. Og grunna kor absurd den var, fann eg ut at eg berre måtte dela den. Og nei, eg har ingen planar om å tolka kva dette tyder.
Posta på Allslags løye
Eg var på hyttetur i helga saman med nokre vener, og hadde ei fantastisk helg. Laurdag ettermiddag hang me opp ei huske i dalen nedforbi hytta, og tok nokre ganske tøffe bilete. Her kjem bilete av Emma Lise, Marit, Cecilie og eg. Og for dei av dykk som kjenner heia – ja, det er Gullingen og Grønhåve me er over.

Posta på Allslags løye, Kvardag, Lykke
Stopp opp litt – og gi deg tid til å tenke.
Du har tid.
Du har masser av tid.
Tiden løper ikke fra deg.
Tiden – den er din.
Posta på Tenketank
Eg har eit sitat som surrar i bakhovudet mitt dei gongene eg jobbar med ei oppgåve eg ikkje likar. Det fortel meg at eg ikkje skal forakta noka oppgåve, og har hjulpe meg til å fullføra mang ein jobb. Sitatet er henta frå Janette Okes bok “Roses for Mama”, og er som følgjer:
“Never despise a task – any task. In doing any job, you are either creating something or bettering something.”
Sanninga i desse orda rører ved meg. Det er lett å verta motlaus og forakta oppgåver ein ikkje likar. Men eg har avgjort at eg vil tru på det Janette Oke seier. Slik at eg – ved også å gjera dei oppgåvene eg helst skulle vore forutan – skapar noko, eller forbetrar noko, og kan dermed vera stolt over oppgåva eg har fullført.
Posta på Tenketank
Eg har sydd meg gardiner. Trur du meg ikkje? Her kjem provet:

Eg kan vera flink dersom eg berre vil.
Posta på Allslags løye, Kvardag