Dagane går, sola skin stort sett frå klår himmel, varmen kan ta knekken på den beste og blogging vert nedprioritert.
Det er no over fem månadar sidan eg forlot Noreg. Det vil seia 23 veker utan Tine LettMjølk, utan bil, utan familie og vener og utan Gilde Grillpølser. Eigentleg er ikkje saknet stort. Eg har det alt for godt til det. Men innimellom melder mjølkesuget seg, eller rett og slett saknet etter å kunna kasta dopapir kor det høyrer heime – i do. Likevel er tanken på at eg om i overkant av fire veker sit på flyet heim, skremmande. Tida har gått så alt for fort.
Å bruka fem månadar denne våren til frivilleg arbeid var eit lett val. Eg hadde lyst å gjera noko med meining. Me som er fødde i Noreg er priviligerte, og ved å vera volontør har eg hatt moglegheita til å gje noko attende. Inntrykka og opplevingane eg sit att med er mange, og jobben med å arbeida gjennom dei vert stor.
Det er dei mange skjebnene som rører meg. Den ufattelege uretten i verda. Skilnaden mellom fattig og rik. Det er dagar eg berre har lyst å gøyma meg under dyna og grina. Andre dagar er eg overvelda over gleda og gjestfridomen me møter hos folk som kanskje manglar alt. Det er så mange eg har lyst til å hjelpa. Så mykje eg har lyst til å gjera.
Behova i verda er store. Me kan ikkje lukka augene og tenkja at så lenge eg har det bra, er alt vel. Me har alle moglegheita til å gjera noko. Eg har lært mykje denne våren. Eg berre håpar at eg framleis klarer å vera engasjert når eg kjem heim att, at eg ikkje går vidare med livet i mi eiga, litle boble. For eg har sett med eigne auge at bistand nyttar!
Siste kommentarar