Posta av: Ida | mai 28, 2011

Forord til underhaldning.

For tida les eg boka Ivar Nimme av Arne Hjeltnes. Ei bok som handlar om ein grisebonde på Voss som ikkje vil føya seg etter dei nye EU-reglementa. Men dette innlegget handlar ikkje om boka. Dette innlegget handlar om forordet. For dette er utan tvil det beste eg nokon gong har lese! Så eg tenkte eg ville dela det med dykk:

Denne soga er fri dikting. Eventuelle likskapar med ljos levande personar ville ha vore veldig moro. Figurane i soga er sjølve ansvarlege for meiningane som kjem til uttrykk. Fråsegner og kommentarar frå personar i boka som kritiserer offentleg styre og stell, får stå for deira eiga rekning. Forfattaren tek ikkje ansvaret for slikt.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

kategoriar

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.