Ein epoke er over. Dei siste fem månadane har gått raskare enn raskt. Opplevingane eg sit att med er mange, og minnene fleire. Å snart ve
ra attende i Noreg kjennes rart. Men godt, likevel.
Så eg vil takka for smila. For varmen og gleda. For moglegheitene eg har fått. Takk for venskapa og minnene. For tolmodsprøvane, latteren og samhaldet. Takk for arbeidet som vert gjort. Takk for at det nyttar. Takk for menneska og gjestfridomen. For alt eg har lært. Takk for sola, airconditionen og regnet. Og for alle dei gode stundene.
Takk for meg. Eg kjem attende.
oisann, det blei jammen eit longt takk for deg.
Av: Emma Lise den januar 26, 2012
kl 8:27 pm