Lykke er.

Då eg var i Kina hos Mari, var eg med ho noko på skulen. Sidan kinesisk og japansk er, vel, gresk for meg, laga eg heller ei liste over kva eg meiner lykke er. Eg kom over ho i dag, og tenkte eg ville dela ho med dykk.

Lykke er:

– å sjå ein lysegul sommarfugl ein regntung dag
– å vita at ein er elska
– å sitta foran peisen
– å lesa ei god bok
– Guds ord
– ein stor kopp søt te
– lukta av nyklippa gras
– kald cola
– kjensla av å koma heim
– å reisa til nye stader
– å køyra bil
– å finna den perfekte kjolen
– venskap
– rosa neglelakk
– sol og skyfri himmel
– å ligga i ei hengekøye
– å vita at oppvasken er teken og at du har kvelden fri
– å ikkje ha nokon planar for helga
– å vera ferdig med ein sesong – og vita at det er ein til
– å gå i regn utan å ha det travelt
– kattungar
– å vakna utkvilt
– ein god draum
– å grilla på ei strand ein vakker sommarkveld
– å gå tur
– å syngja høgt
– å sjå i album frå barndomen
– gullkorn frå barnemunn
– å verta brun
– å skjøna logikken bak eit reknestykke
– disneyfilmar
– å dusja etter å ha vore i fjoset
– å høyra favorittsongen på radio
– å skriva konservativt nynorsk
– å forandra nokon sitt liv til det betre
– å le til ein får vondt i magen
– å vera forelska
– å sitja rundt eit bål
– å ha ferie
– lukta av vår
– å sova i eit kaldt rom
– å få løn
– å sova i si eiga seng
– å leika med Mari (merk at dette vart skrive med Mari på sida av meg)
– lyden av stille
– speilegg og bacon til frukost
– å eta middag fleire gonger om dagen
– eit stort glas iskald norsk mjølk
– soloppgong
– eit pynta juletre i juletider
– å høyra snøen knirka under skoa
– å sjå på stjernene
– levande lys

Ida Nerheim, adresse Halden.

No har eg gjort austlending av meg. Etter ein travel torsdag med pakking og stuing i bil, ein fredag kor me tilbakela 470km, bar alle tinga mine opp ei vinkeltrapp til 2. etasje og handla matvarer til den store gullmedaljen, og ein laurdag med god frukos hos Ellen, meir bering – denne gongen møbler – meir handling, utpakking og rydding, er eg no nøgd nok med hybelen til å ta kvelden. Krypinnet mitt er lite, men eg meiner at plassen vert utnytta best mogleg, og betre skal det verta, for eg skal inn med fleire møbler. Vel, slik som dette ser det ut. Og forresten, eg er framleis vestlending!

Dei små tinga.

Så ofte tenkjer eg at det eg gjer ikkje utgjer nokon skilnad. At «litle eg» ikkje kan gjera nokon sitt liv betre, så kvifor prøva i utgangspunktet. Eg gir opp, i staden for å prøva. Men innerst inne veit eg vel eigentleg at eg kan hjelpa nokon; med venlege ord, ei pengegåve eller berre ei hjelpande hand. Eg har sjølv opplevd hjelp som har gjort, om ikkje livet, så i alle høve dagen, veka, månaden eller året mitt betre. Og det varmar og inspirerar. Så kanskje kan eg óg gjera ein skilnad. Kanskje er eg ikkje så ubetydeleg som eg til tider trur, og kan vera med på å gjera nokon sitt liv litt betre.

Søster mi har introdusert meg for musikken til JJ Heller i vår, og ho har ein song som seier mykje om nettopp dette. Den heiter «Little Things», og handlar om at det er dei små tinga som gjer ein skilnad, som viser kjærleik. Og den har fått meg til å innsjå at sjølv om eg berre gjer litt, så kan det eg gjer vera med å forandra verda. Eg vil dela teksten med dykk her, og husk: det er dei små tinga som syner kjærleik!

There are not enough minutes in the day
I am crippled by the thought of wasting time
I don’t have enough money to heal the poor
So I don’t want to try

But it’s the little things that make a difference
It’s the little things that show love
It’s the little things
A simple cup of water that can change the world
That can save our sons and daughters

I’ll be praying for the widow all alone
Sewing clothes for a loaf of bread
It is not my fault that she is hungry
It’s my joy to make sure she’s fed

But it’s the little things that make a difference
It’s the little things that show love
It’s the little things
A simple cup of water that can change the world
That can save our sons and daughters

We are all related, children of the King
We may not have much, but what we have we bring

Finlandstur.

Så var turen over. På åtte dagar tilbakela me 3860 km. Turen var fantastisk, og me sit igjen med mange opplevingar. Me har sett mykje, og truffe mange kjekke folk. Og kort oppsummert, slik gjekk turen: Suldal – Fetsund – Stockholm – Turku – Jyväskyla – Ylitornio – Sundsvall – Fåvang – Suldal.