Lykke er.

Då eg var i Kina hos Mari, var eg med ho noko på skulen. Sidan kinesisk og japansk er, vel, gresk for meg, laga eg heller ei liste over kva eg meiner lykke er. Eg kom over ho i dag, og tenkte eg ville dela ho med dykk.

Lykke er:

– å sjå ein lysegul sommarfugl ein regntung dag
– å vita at ein er elska
– å sitta foran peisen
– å lesa ei god bok
– Guds ord
– ein stor kopp søt te
– lukta av nyklippa gras
– kald cola
– kjensla av å koma heim
– å reisa til nye stader
– å køyra bil
– å finna den perfekte kjolen
– venskap
– rosa neglelakk
– sol og skyfri himmel
– å ligga i ei hengekøye
– å vita at oppvasken er teken og at du har kvelden fri
– å ikkje ha nokon planar for helga
– å vera ferdig med ein sesong – og vita at det er ein til
– å gå i regn utan å ha det travelt
– kattungar
– å vakna utkvilt
– ein god draum
– å grilla på ei strand ein vakker sommarkveld
– å gå tur
– å syngja høgt
– å sjå i album frå barndomen
– gullkorn frå barnemunn
– å verta brun
– å skjøna logikken bak eit reknestykke
– disneyfilmar
– å dusja etter å ha vore i fjoset
– å høyra favorittsongen på radio
– å skriva konservativt nynorsk
– å forandra nokon sitt liv til det betre
– å le til ein får vondt i magen
– å vera forelska
– å sitja rundt eit bål
– å ha ferie
– lukta av vår
– å sova i eit kaldt rom
– å få løn
– å sova i si eiga seng
– å leika med Mari (merk at dette vart skrive med Mari på sida av meg)
– lyden av stille
– speilegg og bacon til frukost
– å eta middag fleire gonger om dagen
– eit stort glas iskald norsk mjølk
– soloppgong
– eit pynta juletre i juletider
– å høyra snøen knirka under skoa
– å sjå på stjernene
– levande lys