Ida Nerheim, adresse Halden.

No har eg gjort austlending av meg. Etter ein travel torsdag med pakking og stuing i bil, ein fredag kor me tilbakela 470km, bar alle tinga mine opp ei vinkeltrapp til 2. etasje og handla matvarer til den store gullmedaljen, og ein laurdag med god frukos hos Ellen, meir bering – denne gongen møbler – meir handling, utpakking og rydding, er eg no nøgd nok med hybelen til å ta kvelden. Krypinnet mitt er lite, men eg meiner at plassen vert utnytta best mogleg, og betre skal det verta, for eg skal inn med fleire møbler. Vel, slik som dette ser det ut. Og forresten, eg er framleis vestlending!

8 thoughts on “Ida Nerheim, adresse Halden.

  1. Kom på eg skulle innom å sjå på sida di i kveld, og jammen har ho ikkje lagt ut bilete frå hybelen sin allerede. Det såg rektig koseleg og innhaldsrikt ut. Lukke til i Halden! Håpar du kjem til å trivast.

  2. «Gangen», Ida? «Gangen»? Har du blitt infisert allereide?! Gongen!

    -Sånn elles, såg det veldig fint ut og eg kjem gjerne på besøk og et brownies (eg såg du hadde oppskrifta på kjøleskåpet;)

  3. Så koseleg! Eg kjem på besøk! Uansett kor langt vekk du flyttar (les: Austlandet) kjem alltid slekta til å kome på vitjing! Og du må og ta deg ein tur til Bergen!

  4. Eg komme når du vil ha besøk (og eg har fri) – og ikkje har eg så longe vei heller =p Ser knallkos ut -kor får du alle dei flotte hyblane dine fra? Men eg såg at du hadde sånn hybelkomfyrsak -ein meget god grunn for meg te å holda meg der eg e e den fine komfyren min, som blei kjøpt ny når eg klagte på den som va her =p

  5. Oy,oy,oy!! Koffår va det ingen som inviterte meg med på Haldentur i haustferien!? Snodig.. Men det såg trivlig ut, håpe me får sjangs te å komma bort ei helg før jul! Hadde vært bra =D Bra du har tatt med brownies oppskriftå eg gav deg 😉
    Ein store Klem frå meg!

Kommenter innlegget